Ei godt vaksen kvinne fortel:

f

Et av våre medlemmer delte sin erfaring på den lukkede Facebooksiden. Vi tror denne historien viser noe mange har opplevd, at det er vanskelig å få diagnostisert fødselsskader. Derfor opplever mange at utfordringene blir bagatellisert eller oversett, henvises sjeldnere til spesialister og videre utredning. Kanskje det også sett på som psykisk vansker. Vi tror det ofte skyldes mangel på kunnskap om fødselsskader. Det er vanskelig å snakke om underlivet sitt, ordene mangler og det er tabu. LKF vil snakke høyt og uten tabu om fødselsskader.

“Etter å ha vore låst til toalettet i 22 år gav denne gruppen meg eit nytt liv. Då eg fann denne gruppen for berre eit par månader sidan satt eg på do gjennomsnittleg 6 timar pr.dag. Tiden eg brukte på do auka etterkvart som eg blei eldre. Dersom eg skulle delta på noko, måtte eg alltid ta omsyn til mitt do-regime.

Dette er utfordringar som ingen av legane eg har tatt kontakt med, har hatt forståing for. I løpet av åra har eg bede om hjelp av fleire fagpersoner utan at det på nokon måte fekk meg ut frå toalettet. Siste fødsel er omlag 22 år sidan. Problemer med avføring trudde eg kom av hemoroider .Etter operasjon av hemorider for nokre år sidan, fekk eg lære at desse ikkje var årsaken. Eg blei informert om at eg hadde noko som hette underlivsprolaps – noko eg aldri har høyrt om (heller ikkje legen min ??)I alle fall, etter formaningar om kniping og vagifem (østrogen stikkpiller) gjekk eg heim att og satte meg på do.

Ingenting hjalp på mitt avføringsregime, med unntak av høytrykksspylar. At eg snubla over denne gruppen gjorde først og fremst at eg ikkje kjende meg så aleine lengre. Gjennom å lese ulike erfaringar frå andre kvinner som sat på do rundt omkring i kongeriket, har eg lært mykje. Det er skammeleg at eg, ei godt vaksen kvinne ikkje har hatt peiling. Eg har kjent på skam og fornedring. Livet er blitt styrt av eit heftig do-regime.

Meir skammeleg er det, at ingen – hverken spesialister eller allmenlegar har hatt kunnskap om dette. For tre veker sidan blei eg operert ved Arna Clinic (dette også etter tips frå denne gruppen, tusen hjarteleg takk Camilla Aas) Eg har fått eit nytt liv. Før var det slik: Eg kjenner at eg må på toalettet, etter 4 til 5 timer kjem eg ut att og trur at eg er ferdig. (Merk TRU – eg var aldri heilt sikker.)

Himmel og hav for ein forskjell

Kvifor i all verda har eg ikkje funne ut om dette tidligare ? Kanskje eg ikkje har fulgt med ? Kanskje det er underkommunisert ? Eg anar ikkje, men alle dei åra av mitt liv som eg har brukt på do er forkasteleg. Eg skjemst over å vera ei kvinne som har lidd i det stille, dette hadde eg aldri trudd om meg sjølv. Vi må rett og slett stå saman og informere kvarandre og ikkje sitja stille og grava dritt. Derfor melde eg meg sporenstreks inn i Landsforeningen for kvinner med fødselsskader. Ved å vera medlem kan eg vera med å påverke, og det trengs.

Dette er kvinnekamp, vi må bidra til auka kompetanse omkring kvinnehelse. Patriarkatet har gjennom heile historien definert kvinners muligheter, kropper og sinn. Det heng saman og det heiter rett og slett kvinneundertrykking. Det er langt, langt igjen for de fleste kvinner på jorda. PS: Eg har ikkje hatt migreneanfall etter operasjonen (eg har kronisk migrene) I heile tre veker har eg vore aldeles frisk og glad, med overskudd og lyst til å sloss for at færre kvinner skal måtte oppleve det samme som meg. Håpar du har lyst til å bli med meg å kjempe for ein bedre underlivshelse.

Ved å melde deg inn i «Landsforeningen for kvinner med fødselsskader» kan du bidra til å gjere ein forskjell. Dette kan vi ikkje finne oss i, hverken for oss sjølve, våre medkvinner og for ikkje å snakke om våre døtre. La oss ta eit felles løft for vår eigen helse.

Ønsker alle mine medkvinner peace, love og helsesame dagar for ever”

a
Emeritus Education

Lorem ipsum dolor sit amet con sectetur adipisicing elit sed don eiusmod tempor inci